Pedagogisk plattform

Etter samanslåinga av Fagerlia vgs og Ålesund vgs vil nye Ålesund vgs vil bruke dette første skoleåret til å bygge ei ny pedagogisk plattform. I dette arbeidet er Overordna del - verdiar og prinsipp for grunnopplæringa sentralt. 

Samtidig gjeld visjonen og verdiplattforma til Møre og Romsdal fylkeskommune for alle einingane i fylkeskommunen.

Inkludering, læring og livsmeistring

Opplæriingslova § 1-1 handlar om føremålet med opplæringa. Desse to utklippa derifrå gjer oppdraget vårt tydeleg:

Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.

Skolen og lærebedrifta skal møte elevane og lærlingane med tillit, respekt og krav og gi dei utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.

Ved oppstart av dette skoleåret er oppdraget vårt formulert slik for alle tilsette: Alle elevar skal kjenne at dei høyrer til, lære så mykje dei kan, og få hjelp til å meistre liva sine.

Ein tydeleg medspelar

Det er fylkeskommunen sin visjon at vi som jobbar her og vi som organisasjon skal vere tydelege medspelarar. Dette handlar både om profesjonalitet, kommunikasjon og samhandling. 

Visjonen er ei referanseramme for korleis vi vil vere og bli oppfatta av andre og korleis vi skal bygge ein sterkare felles identitet. I dette ligg det at vi skal stå fram einskapleg som ein regional utviklar, god tenesteleverandør og arbeidsgivar.

Vi skal vere tydelege medspelarar på vegne av fellesskapet i regionen, utviklingsorienterte og profesjonelle i alt vi gjer. 

Samarbeid og tillit

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. 

Verdigrunnlaget føreset at vi er opne ved å lytte, lære og dele, at vi er rause overfor kvarandre og opne for nye synsmåtar, at vi utvekslar kunnskap med andre og at vi involverer innbyggarar og samarbeidspartnarar i samband med vår oppgåveløysing.

Vi er avhengig av å oppnå psykologisk tryggleik for å kunne vere opne, bygge gode relasjonar og tillit. Tillit er eit resultat av måtane vi arbeider og samhandlar på, og dei resultata vi oppnår. 

 

Kontakt