Skolehelsetenesta

Helsesjukepleiar jobbar saman med ungdom, skole og foreldre for å bidra til at elevane har eit godt fysisk og psykososialt miljø. Målet er å fremme helse, trivsel og læring hos ungdommen.

Vil du snakke med oss?

Kom innom eller ta kontakt med oss på telefon (sms) eller e-post:

Her finn du oss

Vi er tilstades både på Volsdalsberga, Latinskolen og Fagerlia:

  • Volsdalsberga: rom 620 i 6. et. ved rådgivarkontora
  • Latinskolen: rom G46 i 3. et. Gamlebygget på elevtjenesten
  • Fagerlia: rom 324a og 324b i B-bygget

Treffetid 09:00-13:30

Hvis vi ikkje er på kontoret, så kan du gjerne sende SMS eller e-post. Avtale hos helsesjukepleiar er gyldig fråvær, husk å få med lapp.

 

Mandag

Tyrsdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

Volsdalsberga

Janne

 

 

 

 

Latinskolen

 

Ellen

Ellen

 

 

Fagerlia

Ellen

Janne

Janne

Ellen eller Janne

Ellen + Janne

Du kan snakke med oss om alt

Elevar, foreldre eller lærarer kan ta kontakt med skolehelsetenesten ved behov. Vi kan også formidle kontakt med andre hjelpeinstansar.

Du kan for eksempel snakke med oss om:

  • skolen
  • venner
  • familie
  • einsemd
  • stress
  • prevensjon
  • rus
  • kropp
  • sømn
  • kjønnssjukdomar
  • trening
  • sinne
  • mat
  • identitet
  • graviditet
  • sliten
  • deppa
  • #sexogsånn

Helsesjukepleiar har teieplikt etter Lov om helsepersonell.     

HFU – helsestasjon for ungdom

  • Lågterskeltilbod til ungdom mellom 13 – 25 år for dei som oppheld seg i kommunen
  • Gratis
  • Drop in, ingen timebestilling
  • Helsesjukepleiar, lege, psykiatrisk sjukepleiar
  • Supplement til skolehelsetenesten
  • Ope onsdagar og torsdagar kl. 16-19 (Moa Helsehus)