Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fagerlia VGS > Prosjekter > Nyheter > Undervisningsevalueringen

Kontaktpersonar

Ingrid Fiskerstrand Ingrid Fiskerstrand
Konsulent
71 28 15 09 /
Mob. 920 99 625
Send e-post
Tor Andreas Dyrseth Tor Andreas Dyrseth
Ass. rektor
71 28 15 03 /
Mob. +4791197143
Send e-post

Undervisningsevalueringen

Gjennomføring starter i uke 48 med frist uke 50. Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa. 

Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar til å delta. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med 5 eller fleire svar. 

Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som blir valde ut til å evaluere. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokre grupper.

Det er skoleadministrator (i samarbeid med avdelingslederne) som har bestemt kva grupper som evaluere. Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper.

Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelte på fem tema; eleven si meistring og motivasjon, vurderingspraksis, støtte frå lærar, læringsmiljøet i gruppa og faglege utfordringar og forventningar.  

Undervisningsevaluering: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Nyheter/Informasjon-til-elevar-og-foeresette-om-undervisningsevalueringa-2018-19

 Pålogging til evalueringen:

Elevane får tilgang til sine elektroniske skjema via Feide-pålogging. Dei loggar inn via results.dk/uevalHer vel dei tilhøyrsle «Møre og Romsdal fylkeskommune» og fyller inn Feidebrukarnamn (utan @mrfylke.no) og passord. På førstesida vil dei sjå ein meny til venstre med sine grupper/skjema, og ein introduksjon til undersøkinga. Når dei er ferdige, kan dei lukke vindauget.