Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fagerlia VGS > Prosjekter > Nyheter > Undervisningsevaluering 2019 - frist 12. desember

Kontaktpersonar

Ingrid Fiskerstrand Ingrid Fiskerstrand
Konsulent
71 28 15 09 /
Mob. 920 99 625
Send e-post
Tor Andreas Dyrseth Tor Andreas Dyrseth
Kvalitetsleder
71 28 15 03 /
Mob. 911 97 143
Send e-post

Undervisningsevaluering 2019 - frist 12. desember

Informasjon til elevar og føresette om hvordan Undervisningsevaluering gjennomføres. 

Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med 5 eller fleire svar. 

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Mer informasjon om Undervisningsevaluering finner du på Møre og Romsdal sine sider

Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgivar Monica Solheim, eller rådgivar Ann-Christin Hoel Lervik.

 Pålogging til evalueringen:

Elevane får tilgang til sine elektroniske skjema via Feide-pålogging. Dei loggar inn via results.dk/uevalHer vel dei tilhøyrsle «Møre og Romsdal fylkeskommune» og fyller inn Feidebrukarnamn (utan @mrfylke.no) og passord. På førstesida vil dei sjå ein meny til venstre med sine grupper/skjema, og ein introduksjon til undersøkinga. Når dei er ferdige, kan dei lukke vindauget.