Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fagerlia VGS > Prosjekter > Nyheter > Fråver og aksjonar

Kontaktpersonar

Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post

Fråver og aksjonar

Vi er kjent med at elevar planlegg ein demonstrasjon under møtet i utdannings- og kompetanseutvalet 11.11. Eg hadde sjølv møte med ungdomspanelet om kutt-tiltaka i går kveld og det har vært samtaler med fleire rektorar på same tema. Elevorganisasjonen har sendt brev til alle skolar om det same.

Vi minner igjen om at det skal førast fråver for alle elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune som ikkje møter til undervisning. Det er positivt at ungdom engasjerer seg, men dette må skje utanfor skoletida. Her forheld vi oss til tolking gitt av Utdanningsdirektoratet og begrunninga om at politisk streik ikkje kan reknast som politisk arbeid (forskrift til Opplæringslova § 3-47 femte ledd, bokstav c). Politisk streik (der elevar streikar) vert altså rekna som fråver.

Det vert heller ikkje gitt fri for lærarar/leiarar til å aksjonere i arbeidstida.

Det kjem opp ei sak i Stortinget om dette neste veke, men så lenge vi ikkje har fått andre signal, forheld vi oss til gjeldande reglar.

https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/1neyzQ/avviser-streikerett-for-elever?utm_source=vgfront&utm_content=row-9

Med hilsen

Erik Brekken

fylkesutdanningssjef